Synne Næss Ripe

Synne Næss Ripe

Synne er dagleg leiar og head coach på Crossfit Førde. Ho er ein energisk, glad og bestemt coach som har som lidenskap å hjelpe andre! Trening har alltid vore ein viktig del av livet hennar, med bakgrunn innan aktivitetar som symjing, fotball, riding, dans, vektløfting, styrketrening og crossfit. Av kompetanse har ho ein bachelorgrad i idrett, samt at ho er sertifisert styrkeoach, rehab trainer og CF level 2 instruktør.

Det Synne liker best med Crossfit er at det er tidseffektivt, variert, funksjonelt og sosialt. Som bakgrunnen seier er ho ikkje glad i å sitte i ro, samtidig som ho alltid har mange baller i lufta, og difor er opptatt av at treninga skal vere effektiv og effektfull.

Synne er veldig opptatt av at du skal få mest mogleg utbytte utav timen og at kvar enkelt skal bli sett. Korrekt teknikk er alltid i fokus, samt det at kvart medlem skal oppnå progesjon i mellom timane og bli dytta utanfor komfortsona når det trengs.